Start ved Jostedal kyrkje. Turen følgjer gamlevegen over Styggegjølet. Gamlevegen er godt synleg med murane sine, noko som gir turen eit historisk sus. Høgdeskilnad: 70 m.
Start i Fossøy. Ein lett tur frå flaumminnesmerket i Fossøy. Frå toppen får du flott utsyn ned att i grenda. Høgdeskilnad: 120 m.
Start ved Breheimsenteret og opplev Jostedalen for eiga maskin! Denne løypa tek deg og familien mellom Gjerde og Breheimsenteret. Høgdeskilnad: 50 m.
Start ved Breheimsenteret og gå ein flott tur gjennom Nigardsbreen naturreservat og heilt fram til brefronten av Nigardsbreen. Høgdeskilnad: 20 m.
Start ved Bergset. Ein tur som høver godt for barnefamiliar. I enden av den vakre Bergsetdalen ligg den skimrande Bergsetbreen og ventar på deg. Høgdeskilnad: 60 m.
Start: Snøtun Flott stølstur. På stølen kan du nyte nista medan sauene beiter fredeleg rundt omkring. Høgdeskilnad: 460 m.
Start i Bakken. Tydeleg sti til stølen i Bakkedalen. Frå stølsvollane kan du nyte utsikta eller gå vidare og ta deg eit bad i Bakkedalsvatnet. Høgdeskilnad: 460 m.
Start: Fagredalen Her startar du over tregrensa og går i høgfjell heile vegen. Holmevatnet er kjent for å vere eit godt fiskevatn, så hugs fiskekort. Høgdeskilnad: 240 m.
Start ved Vanndalsvatnet Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur! Høgdeskilnad: 440 m.
Start ved Vanndalsvatnet. Frå sikringsbua på fjellet Mannen er det flott utsikt til både Jostedalsbreen og Jotunheimen. I hytta kan du ete nistepakka i ly for vêr og vind. Høgdeskilnad: 460 m.
Start på Gjerde eller Haugen. Sørvend, solrik og til dels bratt tur. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane i Jostedalen og byr på vakkert utsyn. Mogleg å gå vidare til Haugsvarden. Høgdeskilnad: 480 m.
Start: Gardshaugen Flott tur til gamal støl og vakkert kulturlandskap. På Liastølen beiter det framleis både sau og kyr. Høgdeskilnad: 390 m.
Start på Gardshaugen. Fin tur for turvande familiar. Noko bratt sti i eit vakkert beite- og stølslandskap der dyra framleis beiter. Flott utsikt og idylliske omgjevnader der du både kan fiske og bade. Høgdeskilnad: 470 m.
Start i Vanndalen Vangsen (1757 moh.) er «stortoppen» i Jostedalen, og om sommaren er han ganske lett tilgjengeleg på grunn av den høgtliggjande anleggsvegen. Høgdeskilnad: 710 m.
Flott sykkeltur inn vakre Krundalen. I enden skimtar du Bergsetbreen, som kan nåast til fots frå parkeringa på Bergset.
Følg asfaltvegen fram til Breheimsenteret og vidare til parkeringa ved Nigardsbrevatnet. Mykje biltrafikk i høgsesongen.
Denne sykkelturen byr på flott brelandskap opp til Styggevatnet og Austdalsbreen. Nesten 1000 høgdemeter stigning og stadvis bratte bakkar gjer dette til ein relativt tung sykkeltur. Hugs lykt og refleks i tunnelen!