BYGDA

Dette er nettsida for bygdefolk og andre som er interesserte i dagleglivet i Jostedalen. Sida vert administrert av styret i Jostedal bygdelag. 

Bygda Jostedal har i overkant av 400 innbyggarar og bygdesentrum med heilårsope hotell og daglegvare-handel på Gjerde (30 km frå Gaupne). Det er mykje aktivitet i bygda gjennom året på mange frontar, og her vil me prøve å halde oversyn over det meste i kalenderen.

OBS: Dette er dei faste tidene til aktivitetane, som regel vil ikkje avlysing/endring for feriar eller på kort varsel bli lagt inn her – då må ein følgje med på Facebook eller spørje kontaktpersonen for aktiviteten.

Alle lag, organisasjoner og offentlege institusjonar kan legge in aktivitetar i kalenderen. Om du har eit arrangement eller ein aktivitet du tykkjer skal vere med, ta kontakt med nettsideansvarleg i Jostedal bygdelag Mette (mettefrydrein@gmail.com). 

For å finne kontaktpersonar i ulike lag og organisasjonar som står for aktiviteten du er interessert i, kan du sjå under “Lag og organisasjonar i bygda” i menyen heilt til venstre på sida. Det er ikkje kontaktinfo til alle der, ta kontakt om du manglar det.

Meir fakta om bygda finn du HER